Renovering av to HC-garderobar på Lustrabadet
Deadline:17 Dec 2026, 11:00
Tender information
Vestland
Type
Other
Procedure
Open procedure
Ref. number
cmwdjmyk1000008l2xrd8o7zb
Duration
03/05/2027 - 17/05/2027
Bakgrunn
Luster kommune skal renovere to HC-garderobar på Lustrabadet. Behovet kjem av slitasje over tid og at dagens løysingar ikkje lenger er godt nok tilpassa krav til reinhald, hygiene og dagleg drift.
Garderobane har i dag våtromsstrie på vegg og slipt betonggolv. Desse overflatene er prega av bruk og er krevjande å halde reine ved hyppig vask og fuktbelasting. Kommunen har derfor behov for å fornye garderobane til ein meir moderne og driftsvenleg standard.
Anskaffinga skal bidra til robuste og enkle løysingar som gir trygge, hygieniske og vedlikehaldsvenlege HC-garderobar. Det er samtidig viktig at dei ferdige areala ivaretek universell utforming, mellom anna med sklisikre golv og terskelfrie overgangar. Arbeidet er planlagt gjennomført i Lustrabadet si stengeperiode i veke 18 og 19 i 2027.
Beskrivelse av oppdraget
Oppdraget omfattar renovering av to HC-garderobar på Lustrabadet. Leveransen skal omfatte naudsynt oppgradering av overflater og tilhøyrande arbeid for å setje garderobane i stand til vidare bruk med betre kvalitet, funksjon og driftseigenskapar.
Kommunen etterspør løysingar som er enkle og robuste, og som toler dagleg bruk, fukt og hyppig reinhald. Overflatene skal vere eigna for våtrom og bidra til god hygiene og lågt vedlikehaldsbehov. For delar av overflatene er det ønskjeleg med akryl eller tilsvarande produkt.
Dei renoverte garderobane skal ha trygge og funksjonelle løysingar, med særleg vekt på sklisikre golv og terskelfrie overgangar. Oppdraget skal gjennomførast slik at resultatet gir moderne, praktiske og universelt utforma HC-garderobar.
Buyer
Luster kommune
Buyer
Luster kommune
Open for offers
33 days left
Important dates
13 Nov - Publication date
17 Dec - Deadline
Unlock Full Access with Mercell Bidding Business Plus