Nytt biblioteksystem til vidaregåande skolebibliotek
Deadline:N/A
Tender information
Møre og Romsdal
Type
Other
Procedure
Unknown
Ref. number
cmrucwqmx000l04jmab7wv4o5
Estimated value
NOK 1,600,000
Planned procedure start date
30 Sep 2026 00:00
Bakgrunn
Møre og Romsdal fylkeskommune (oppdragsgivar) treng nytt biblioteksystem til 20 vidaregåande skolar. I tillegg står eit kombinasjonsbibliotek med opsjon. Anskaffinga gjeld skolar med skolebibliotek som låner ut eit mangfald av litteratur og materiale, og skolar som berre låner ut lærebøker.
Systemet må støtte skolebiblioteka, skolebibliotekarar og andre tilsette tilknytt skolebibliotek og/eller lærebokutlån i deira arbeidsflyt. Systemet må vere eit høveleg verktøy slik at skolebiblioteka kan skjøtte sin ansvar etter opplæringslova § 15-5 og opplæringsforskrifta § 11-2.
Generelt
Biblioteksystemet er det viktigaste arbeidsverktøyet for dei tilsette. Kjernefunksjonar er å halde oversikt over dei fysiske samlingane til biblioteket, gi oversikt over lånarar og utlån, og tilby eit søkjegrensesnitt for tilsette og brukarar. Biblioteksystemet er òg inngangsporten til samlinga for publikum, og det er difor sentralt at brukargrensesnittet er funksjonelt og tilgjengeleg.
Det er viktig at biblioteksystemet tar omsyn til dei til ei kvar tid gjeldande reglane for GDPR og har fokus på informasjonstryggleik.
Oppdragsgivar ønskjer å skaffe standard hyllevare der tilpassing til behov blir gjort gjennom konfigurasjonar av løysingane til leverandør, ikkje gjennom omfattande utvikling. Biblioteksystemet skal vere på norsk.
Føremål og omfang
Det er totalt 20 offentlege vidaregåande skolar i Møre og Romsdal fylkeskommune. Med avdelingar og bibliotek med opsjon, er det 22 vidaregåande skolar som skal ha eige biblioteksystem. Skolebiblioteket som står med opsjon har pr. tid avtale med det lokale folkebiblioteket om felles drift.
Dei vidaregåande skolane nyttar i dag Bibliofil. Skolebiblioteka har åtskilte databasar med eigne metadata og eiga samlingsstruktur. Det er ønskeleg at nytt biblioteksystem kan bidra til at skolebiblioteka utviklar tettare samarbeid og felles driftsrutinar. Ein sentral del av konkurransen handlar difor om høvet til å samle og reinse metadata skolane no har kvar for seg, til ein felles katalog der biblioteka i størst mogleg grad berre treng å gjere arbeidsprosessar éin gong. Det mest sentrale i eit slikt fellesskap er boksamlinga – både lærebøker og annan litteratur.
Mål med anskaffinga
Oppdragsgivar har som mål å sikre ei effektiv og innovativ drift og utvikling av biblioteka ved at biblioteksystemet:
dekkjer alle kjernefunksjonar for drift av eit moderne skolebibliotek
har effektive og automatiserte arbeidsprosessar
støttar innovativ utvikling av tenestetilbodet til skolebiblioteka
støttar aktiv formidling
støttar gode og optimaliserte tenester for elevar, skolebibliotekarar og tilsette elles
kan tilpassast lokale tilhøve
er ope og kan integrerast med andre system og løysingar
tilbyr eit raskt og stabilt system som alltid er tilgjengeleg
har gode løysingar for felles drift og samarbeid, med lokale tilpassingar
Buyer
Møre og Romsdal Fylkeskommune
Documents
Buyer
Møre og Romsdal Fylkeskommune
No time limit
Important dates
11 Sept - Publication date
30 Sept - Planned procedure start date
Unlock Full Access with Mercell Bidding Business Plus