Markedsdialog: Rammeavtale for velferdsteknologi og pasientvarsling
Deadline:N/A
Tender information
Vestland
Type
Other
Procedure
Unknown
Ref. number
cmvs4wq7l000008jof7r4027w
Planned procedure start date
18 Nov 2026 00:00
Kinn kommune planlegg å gjennomføre ein konkurranse om rammeavtale for velferdsteknologi, og inviterer leverandørmarknaden til å kome med skriftlege innspel før konkurransegrunnlaget blir ferdigstilt.
Føremålet med marknadsdialogen er å få betre innsikt i tilgjengelege løysingar, tekniske moglegheiter, leveransemodellar og forhold som bør avklarast for å sikre ein open og føreseieleg konkurranse.
Kommunen nyttar i dag DNV Imatis som plattform for pasientvarsling og samhandling ved tre institusjonar og to bustader med heildøgns omsorg. DNV Imatis skal vidareførast som primær arbeidsflate for ordinær alarmhandtering. Anskaffinga omfattar difor ikkje ei ny felles plattform for pasientvarsling, men teknologi og tenester som skal fungere saman med eksisterande løysing.
Den planlagde rammeavtalen skal mellom anna leggje til rette for supplering og vidareføring av eksisterande utstyr, ei større førstegongsleveranse til nye Albertatunet med 100 plassar, og seinare kjøp av relevant velferdsteknologi innanfor avtalte funksjonsområde.
Kommunen ønskjer særleg innspel om:
Aktiv og passiv varsling, digitalt tilsyn, lokalisering, tryggleik for tilsette og tilhøyrande sensorteknologi.
Moglegheiter for integrasjon og samhandling med DNV Imatis, inkludert alarmflyt, statusinformasjon, administrasjon og feildeteksjon.
Vidareføring og supplering av eksisterande utstyr, samt tekniske føresetnader for nye installasjonar.
Organisering av leveransar, drift, support, beredskap, feilretting og ansvarsdeling mellom ulike aktørar.
Aktuelle pris- og lisensmodellar, kostnadsdrivarar og korleis nye eller vidareutvikla produkt kan inngå i rammeavtalen.
Personvern, informasjonssikkerheit og andre forhold som kan påverke val av teknologi og utforming av krav.
Kommunen ønskjer innspel både frå leverandørar som kan tilby ei samla løysing, og frå aktørar som kan levere delar av behovet eller bidra med spesialisert teknologi og integrasjonar.
Leverandørane blir bedne om å svare kort på spørsmåla i spørreskjemaet. Det er ikkje nødvendig å utarbeide eit fullstendig tilbod eller gi bindande prisar.
Praktisk informasjon
Svarfrist: 04.12.26 kl 12:00
Innsending: Via Hyyr.no
Kontakt: Arve Klokk
Vedlegg: Sjå dokumenter
Deltaking er frivillig og inneber inga økonomisk godtgjersle. Marknadsdialogen er ikkje ei konkurranseutlysing eller ein del av kvalifiseringa til den komande konkurransen. Deltaking eller manglande deltaking vil ikkje vere avgjerande for seinare høve til å levere tilbod.
Innspela vil bli nytta i det vidare arbeidet med konkurransegrunnlaget. Kommunen kan nytte generell marknadsinformasjon i dette arbeidet, under omsyn til likebehandling og vern av forretningshemmelegheiter.
Leverandørane blir bedne om å merke opplysningar dei meiner er underlagde teieplikt. Eventuelle krav om innsyn vil bli vurderte av kommunen etter gjeldande regelverk.
Kinn kommune takkar for innspel frå leverandørmarknaden.
Buyer
Kinn kommune
Buyer
Kinn kommune
No time limit
Important dates
18 Nov - Planned procedure start date
18 Nov - Publication date
Unlock Full Access with Mercell Bidding Business Plus