Utskifting av luft-vatn-varmepumpe ved Selje skule

Deadline:10 Nov 2026, 11:00

Tender information
Vestland
Type
Other
Procedure
Open procedure
Ref. number
cmub4o2g6006b04jwjbtlt17q
Estimated value
NOK 2,100,000
Duration
14/12/2026 - 21/05/2027
Bakgrunn Stad kommune vart oppretta 1. januar 2020 ved samanslåing av Eid kommune, Selje kommune og Bryggja. Stad kommune har ca. 9.500 innbyggjarar. Nordfjordeid er administrasjonssenteret i Stad kommune. I den ytre delen av kommunen ligg Stadtlandet med dei to tettstadane Leikanger og Selje. For meir informasjon om kommunen sjå www.stad.kommune.no Stad kommune skal skifte ut eksisterande luft-vatn-varmepumpe ved Selje skule. Dagens varmepumpe er ved slutten av sin tekniske levetid og har behov for utskifting. Eksisterande varmepumpe er plassert på tak over Fløy F. Akkumulatortank og vekslar er plassert nede i kjellar i varmesentralen. Anlegget leverer varme til seks av skulens fløyar, Fløy A til F, via ventilasjon, radiator, gulvvarme og tappevann. Sjå kravspesifikasjon for minimumskrav til leveransen. Anskaffinga skal bidra til stabil og driftssikker oppvarming av skulen, samstundes som energibruken blir redusert og at løysinga krev lite vedlikehald. I tråd med kommunen sine mål om berekraftige og kostnadseffektive innkjøp er det ønskjeleg med ei løysing som gir god energieffektivitet og gode miljøeigenskapar over tid. Den nye varmepumpeløysinga må tilpassast eksisterande tekniske installasjonar og bygningsmessige forhold, mellom anna dagens røyrføringar, distribusjonssystem samt krav til utandørs plassering og støynivå. Skildring av oppdraget Oppdraget omfattar ei komplett nøkkelferdig leveranse for utskifting av eksisterande luft-til-vatn-varmepumpe ved Selje skule. Leveransen skal omfatte levering og montering av ny varmepumpe, tilpassa det eksisterande varmeanlegget ved skulen og dei tekniske føresetnadene elles. Anskaffinga inkluderer demontering av eksisterande anlegg, bortkøyring og miljømessig forsvarleg avhending, naudsynte elektro- og røyrarbeid, tilkopling mot eksisterande system, samt innregulering, testing og idriftsetjing. Den nye løysinga skal gi stabil oppvarming, høg driftstryggleik, lågt støynivå og betre energieffektivitet. Det vert etterspurt ei varmepumpeløysing med miljøvenleg kuldemedium, god verknadsgrad også ved låge utetemperaturar og høg årsvarmefaktor til bruk i skulebygg. Leveransen skal òg omfatte naudsynt opplæring, FDV-dokumentasjon og overlevering til driftsorganisasjonen.
Buyer
Stad kommune
buyer-email@mail.com
organization number
Open for offers
32 days left
Important dates
7 Oct - Publication date
10 Nov - Deadline
Unlock Full Access with Mercell Bidding Business Plus
Start your free trial to explore exclusive features that help you win more tenders, faster:
AI-Powered Tender Insights
Buyer Contact Info
Key Tender Timelines

Already have an account?