Rammeavtale for brannteknisk rådgjeving

Deadline:22 Oct 2026, 10:00

Tender information
Norway
Type
Other
Procedure
Open procedure
Ref. number
cmtwk2zu2000004l7cbzs5hrs
Estimated value
NOK 1,500,000
Contract type
Framework agreement
Duration
24 months
Renewals
1 year
Bakgrunn Gloppen kommune v/eigedomsavdelinga har behov for ei rammeavtale for brannteknisk rådgjeving. Fleire kommunale bygg manglar heilt eller delvis oppdatert brannteknisk dokumentasjon, og kommunen har difor behov for systematisk kartlegging, vurdering og prioritering av vidare arbeid. Kommunen treng dokumentasjon til bruk i drift, forvaltning og ved tilsyn. Det er særleg behov for oppdaterte brannteikningar, orienteringsplanar og rømningsplanar, samt vurdering av status og eventuelle manglar i eksisterande dokumentasjon. Føremålet med anskaffinga er å sikre tilgang til fagleg kompetanse som kan levere einsarta, tydeleg og oppdatert dokumentasjon for dei bygga kommunen peikar ut i avtaleperioden. Beskriving av oppdraget Oppdragsgivar ønskjer å inngå rammeavtale med éin leverandør om branntekniske rådgjevingstenester for kommunale bygg. Oppdraget omfattar utarbeiding og oppdatering av brannteknisk dokumentasjon der denne heilt eller delvis manglar. Leveransane vil variere frå bygg til bygg og kan mellom anna omfatte tilstandsanalyse, brannteikningar, orienteringsplanar og rømningsplanar. For enkelte bygg kan det òg vere aktuelt med planteikningar, som skal prisast som opsjon. Kvar bestilling skal spesifisere kva leveransar som skal utførast. Ved kvart avrop skal leverandøren bidra til å avklare behov og omfang, og utarbeide ein handlingsplan med prioritert gjennomføring og tilhøyrande kostnadsoverslag. Dokumentasjonen skal vere enkel, tydeleg, oppdatert og tilpassa kommunen si vidare forvaltning og oppfølging. Reise- og opphaldskostnader skal gå tydeleg fram av tilbodet og haldast på eit nøkternt og føreseieleg nivå. Desse skal være inkludert i prisen som vert gitt i tilbodet. Rammeavtalen har ei varigheit på eitt år, med opsjon på forlenging i eitt år. Avrop skjer etter behov, og avtalen inneber ikkje kjøpsplikt. Standard leveringsfrist er tre månader per avrop, dersom ikkje anna er avtalt. Omfang Anskaffinga er estimert til 1 500 000 kr ekskl. mva. Beløpet er eit anslag og er ikkje bindande for oppdragsgivar. Avtale og kontrakt Avtaletype: rammeavtale. Kontrakten vert regulert av NS 8402 med dei endringane og/eller tillegga som følgjer av spesielle kontraktsvilkår og avtaledokumentet. Kvar bestilling frå oppdragsgivar skal spesifisere kva leveransar som skal utførast. Leverandøren skal utarbeide ein handlingsplan med prioritert gjennomføring og tilhøyrande kostnadsoverslag for kvart bygg og kvar leveranse. Standard leveringsfrist per avrop er tre månader, avhengig av kompleksitet, dersom ikkje anna er avtalt. Avtalen vert inngått for eitt år, med opsjon på forlenging i eitt år. Oppdragsgivar bestiller tenester etter behov. Avtalen vert automatisk forlenga dersom han ikkje vert sagt opp seinast tre månader før utløpet av avtaleperioden. Avtalen inneber ikkje kjøpsplikt, men regulerer vilkåra for leveransar i avtaleperioden. Deltilbod Det er ikkje høve til å gje tilbod på delar av oppdraget. Reglar for gjennomføring av konkurransen og krav til tilbod Anskaffingsprosedyre og gjennomføring av konkurransen Anskaffinga vert gjennomført i samsvar med lov om offentlege anskaffingar av 17. juni 2016 (LOA) og forskrift om offentlege anskaffingar (FOA) FOR-2016-08-12-974, del II. Tilbod skal utarbeidast i samsvar med konkurransegrunnlaget og leverast elektronisk via Hyyr. Spørsmål skal sendast gjennom spørsmål- og svarfunksjonen i Hyyr. Svar vert gjorde tilgjengelege for alle registrerte deltakarar. Kontaktperson for anskaffinga er Cecilie Solvang Klakegg, innkjøpskonsulent/økonomirådgjevar. Feil eller uklarheiter i konkurransegrunnlaget skal meldast i god tid før tilbodsfristen via Hyyr. Alle som har levert tilbod, vil få skriftleg tilbakemelding samtidig om kven som får tildelt kontrakt, med grunngjeving og informasjon om karenstid og klagerett. Oppdragsgivar kan avlyse konkurransen dersom det ligg føre sakleg grunn. Krav til tilbodet Konkurransedokumenta med beskriving utgjer grunnlaget for tilbodet. Tilbodet skal vere skriftleg, bindande og levert via konkurransegjennomføringsverktøyet Hyyr. Tilbodet, vedlegg, dokumentasjon og kommunikasjon skal vere på norsk. Tilbydar vert oppmoda til å levere tilbod i god tid, og ber sjølv risikoen for at tilbodet er levert korrekt og i samsvar med konkurransegrunnlaget med vedlegg. Tilbod som inneheld vesentlege avvik, vil bli avviste. Offentlegheit og innsyn For allmenta sitt innsyn i dokument knytte til ei offentleg anskaffing gjeld offentleglova. Oppdragsgivar og tilsette hos oppdragsgivar pliktar å hindre at andre får tilgang til eller kjennskap til opplysningar om tekniske innretningar og framgangsmåtar, eller drifts- og forretningsforhold, som det vil vere av konkurransemessig betydning å halde hemmelege, jf. FOA § 7-4, jf. forvaltningslova § 13. Oppdatering av konkurransegrunnlaget Eventuelle rettingar, suppleringar eller endringar i konkurransegrunnlaget, samt spørsmål og svar i anonymisert form, vert formidla til alle som har registrert interesse for anskaffinga.

Gloppen kommune v/eigedomsavdeling har behov for ei rammeavtale for brannteknisk

Buyer
Gloppen kommune
buyer-email@mail.com
organization number

Documents

Document name
Upload date
File size
First document.pdf1 Jan 1970, 00:001 Bytes
Second document.pdf1 Jan 1970, 00:001 Bytes
Open for offers
32 days left
Important dates
18 Sept - Publication date
22 Oct - Deadline
Unlock Full Access with Mercell Bidding Business Plus
Start your free trial to explore exclusive features that help you win more tenders, faster:
AI-Powered Tender Insights
Buyer Contact Info
Key Tender Timelines

Already have an account?